Tips andre om denne siden
Sponsorer
Vigselstekst - Nynorsk

Kjære brurepar,

De er komne hit i dag for å bli vigde til ektepar. Det er ei stor og viktig hending at to menneske vel å leva saman i ekteskap. Når de går inn i ekteskapet, lovar de kvarandre samhald og støtte i alle livsens tilhøve, både i medgang og i motgang.

Ekteskapet ber i seg at de lovar kvarandre kjærleik og truskap. Det krev at de set dykk høge mål for samlivet, og at de har ærleg vilje i dag og i tida som ligg framfor dykk, til å strekkja dykk mot desse måla. Det er denne lovnaden de gjev kvarandre her i dag.

Når de gifter dykk, blir de ei eining, men de kjem framleis til å vera to sjølvstendige og jamstelte menneske. Det er ingen motsetnad mellom kjærleik og samhald på den eine sida, og fridom og sjølvstende på den andre. Kjærleik er og å syna vørdnad for kvarandre.

Det er ein rett eg har, men samstundes ei plikt som ligg på meg etter lova, at eg no skal leggja dykk to alvorleg på hjarta at de skal leva etter den lovnaden som de gjev kvarandre her.

Og no:

Spør eg deg fyrst, (bruras namn/part 1, den yngste):
Vil du ha (brudgomens namn/part 2, den eldste), som står ved sida di, til ektemake?

Så spør eg deg, (brudgomens namn/part 2, den eldste):
Vil du ha (bruras namn/part 1, den yngste), som står ved sida di, til ektemake?

Sidan de no - med vitne til stades - har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.

 

© Hufo 2017   -   Sist oppdatert onsdag 19. mars 2014

Humanisme
Humanisme er nestekjærlighet. Humanisme handler om inkludering og toleranse.

Hufo er Norges eneste organisasjon for alle humanister.

Uansett om du er ikke-religiøs eller religiøs humanist, så arbeider vi for dine interesser og rettigheter.

Medlemmer
Det kreves tid og ressurser for å nå frem bredt og effektivt. Vi ønsker å knytte til oss flere støttespillere. Vi håper du vil sette av litt tid til å bli bedre kjent med vårt arbeid, og at du vil støtte oss.
Hufo
Post og besøk:
Møllergata 24, 0179 Oslo

Telefon man-fre 09.00-15.30:
+47 21 89 99 10

Org.nr. 985 345 619
Latter er slett ikke noen dårlig begynnelse på et vennskap, og det er absolutt den beste måten å avslutte det på. Oscar Wilde